"Mennesket og elden "

Den kulturelle skulesekken er mangfaldig. Denne gongen fekk me besøk av Marcus Mattison som kan kunsten å lage eld utan lighter og fyrstikker. I eit nydeleg haustver tok han elevane med langt tilbake i tid, og saman reflekterte dei over korleis dt var å leve utan eld og korleis den første elden vart oppdaga. Det må ha vore eit framsteg større enn månelandinga!

Eldmannen i aksjon.

 

Eldmeisteren

Mange tankar rundt temaet "Mennesket og elden."

Presisjonsarbeid

Presisjon, rytme og samarbeid. Og jammen lykkast denne gjengen. Det er ikkje kvar gong det skjer kunne Marcus fortelje som nyleg gjorde øvinga med vaksne utan at det blei eld. Dei hadde halde på i ein halv time utan å lykkast medan denne gjengen klarte kunststykket på fem minuttar.

Røyk utan eld

Ingen røyk utan eld heiter det, men det stemmer nok ikkje alltid. Til tider kan det bli mykje røyk og ingen eld. Men denne gongen vart det eld òg.

Så tok det fyr

Det er noko magisk over dette. Dei hadde nok høg statusi samfunnet dei som fekk til slikt for lenge, lenge sidan.

Magisk

Me let oss imponere av Marcus.

Godt å varme seg på elden

Etter å ha vore i ro ganske lenge var det deilig å varme seg på elden.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås